VEGARBEID PÅGÅR

TO BE OR NOT TO BE?

Kva vil du med livet ditt?

Kvar er du på veg?

Spørsmåla heng både i lufta og sitrar i sjel og hjarte, og eg er nok ikkje åleine om å kjenne på desse spørsmåla.

LIVET ASS

Livet vårt er ikkje valgt, men det er blitt- og det er, og det er no. Eg har kome så longt eg kan i å akseptera at slik blei det Hibbi. Livet mitt blei slett ikkje det eg hadde tenkt, men det er blitt større og rikare på både glede og sorg, og mest og viktigast av alt, det blei- og er vårt liv. Og i det skal eg "bygge og bo". Nokre gonger trengs det fagfolk for å ferdigstille og godkjenne bygg... eg vil sjå tilbake på livet mitt og vite at eg gjorde det eg kunne, brukte den kompetansen eg hadde til å gjere livet for dei eg elska, og dermed mitt liv godt eller godt nok. Eg vil være den som godkjenner mitt liv og mine val- for eg er fagmann her- sidan det er mitt liv det handlar om.

KOR FURAN E' VEIEN?

Eg står ved eit vegskille kjennest det som, men det kjennest godt og rett, og du, eg blir kjempeglad om du vil gå på vegen ilag med meg. Når det er tungt å gå, når det er langt å gå, når eg har gått meg heilt bort, når lyset i tunellen ikkje kjem til syne, når det er vegarbeid, eller når vegen er så mørk at eg blir mørkredd og treng at du lyser opp eller best av alt; kjem og hentar meg i ein oppvarma bil med høg gladmusikk på anlegget. Så lovar eg å gjere det same med deg, for me treng nemlig kvarandre for å klara denne reisa som jo livet er.

HAUST I LIVET OG ELLERS

Hausten min i heimen har vore tøff utan at eg treng å utbrodere det for at dykk skal tru meg. Mykje- om ikkje alt, handlar om annerledeslivet vårt. Eg skal komme nærare innpå korleis det er seinare.

Livet som mamma til fem barn kan slå alle og einkvar ut frå tid til annan- men veit du kva? Livet som ikkje mamma, eller mamma til ein, to eller tre kan gjere akkurat det same. Livet er hardt nokre gonger for alle, og for nokon er det hardare enn for andre.

Eg ønsker for alt i verda ikkje å framstille vårt liv som hardare enn andre sitt, for eg veit bedre!

Eg veit- og kjenner også at det er vårt liv eg kjenner best og tar mine val ut ifrå. Nokre gonger tek eg gode val, andre gonger mindre gode. Det hender faktisk(!) at eg tek reint dårlige val også. Slik er det å være meg, og eg vågar ein påstand om at slik er det for dei fleste.

TIME-OUT

Eg har no pausa litt i mitt liv og vil no fortelje deg kvifor.

Igår såg eg ein mann på TV som hadde sett for seg det værste for at han deretter skulle kunne ta rette valg og skifter i sitt eige liv for å gjera det optimalt.

Eg har vel kjent meg meir og meir sliten og mismodig dei siste åra. Men har enten skjøve det vekk eller gjemt det "aller bakerst" heile tida. Eg har ikkje tillatt meg sjølv å tenke for lenge i dystre fargar- for eg har vel kjent at livet mitt ikkje tillet dette. Det er rett og slett ikkje rom for dette i kvardagen min. Enkelt og greit, eller vanskelig og ugreit

Eg vil så gjerne klare å leve eit "normalt" liv (kva er det foresten?) og møte dei krava kvardagen og samfunnet stiller, men endar alltid opp med og komme til kort. Dersom eg jobbar dagtid er det ikkje krefter igjen til ettermiddagane då mor trengs like mykje som far trengs.

Ei god venninne sa til meg ein dag at du Hibbi og Oddi, med dykkar livssituasjon er på jobb 24/7 og det er det ikkje så mange som orkar i lengden. Ho sa også at du burde jo hatt omsorgslønn du!

Eg er ikkje der i det heile tatt, eg ønsker at dei som av ulike årsakar må ta seg av barnet sitt når dei egentlig skulle vært på jobb får omsorgslønn i tillegg til heder og ære og årlige turar/pausar sponsa av staten.

Eg har no valgt å ta kontroll over eiga tid, for at vår livssituasjon og liv skal opplevast godt, og det for ALLE!

Eg må berre få utrykke takknemlighet og lykke over til no FANTASTISKE og tilnærma stille og harmoniske morgonar. Gode stunder slik at ein slepp å bruke timar på å komme seg til hektene igjen. Og folkens, eg har litt tid for meg sjølv kor der er rom for mine tankar og behov. Nokre gode timar med å skrive, illustrere og skape leire om til figurar, slike ting ein skal bruke fritida si på, for timane kor ungane er på skulen er nemlig den einaste fritida eg får i mitt liv. Den skal eg bruke på det andre bruker fritida si på. Kanskje får eg smett inn et cafébesøk med ei venninne, kanskje får eg trena litt eller komt meg ut i frisk luft i det minste.

Førebuing til ettermiddagsvakta startar ca 1,5 time før ho inntrer på ordentlig. Ca kl 15.45 startar eg jobben- og dersom eg har brukt litt av fritida mi rett kan det bli ein god dag på jobben! Då er det jobb fram til kl 22.00 Då er me over i kvilande vakt med utrykningsansvar. Det kan være det blir utrykning på diverse alarmar nattestid men eg er då over i sovande nattevakt. I nattevakta inngår også vekking og morgonstell. I 3 helger er det jobb

Fredag ettermiddag til mandags morgon. Kvar 4.helg har vi no fått innvilga fri.

Min mann og eg deler på denne stillingen og det er ikkje alltid like kjekt å være med mamma og pappa på jobben for dei som ikkje står i "stillingsbeskrivelsen" og det oppleves slett ikkje kjekt for dei andre at mamma og pappa er så mykje på jobb, så ein av oss prøver alltid å være tilgjengelig i familien ellers. Nokre gonger lykkast vi i dette, andre gonger ikkje. Og det er det vondaste å kjenne på.

Tida frå minsteskatt til størreskatt er heime er heilt avgjerande, både for mamman og lilleskatt. Då kan vi gjere lekser i fred og ha ein til ein tid.

Dei valga eg no har gjort, det med å legge nér arbeidet mitt ❤butikken, å bruke god tid om morgonen, rydde ut det eg kan av forstyrringar har gjort så stor forskjell at eg ikkje klarar å uttrykke det med ord. Ein god kvardag for storeskatt gir også gode kvardagar for resten i skattekista. Det å sjå og kjenne på desse endringane gir grunn til takknemlighet.

Så var det dette med jobb då Hibbi, du er jo nødt til å tjene pengar!

Heilt avgjerande er det for at eg skal kunne gjere ein god jobb, at eg, Hibbi, råder over mi eiga tid. At eg får legge opp løpet for mine arbeidsdagar, for det er nemlig heilt avgjerande for resten av familien.

For eg har nemlig lysst og jobbe og delta i samfunnet slik som dei fleste andre. Eg vil ikkje motta omsorgslønn for eg har mykje overskudd så lenge eg har råderett over eiga tid, eg vil yte og betale skatt og bruke det eg har av evner i min jobb. Eg vil kjenne at folk sett pris på jobben eg gjer, eg vil kunne sei at eg er på jobb når eg førebur "Tirsdagsgodt" , eg vil at folk skal komme å høyre kva godt eg har på hjerta dei tirsdagane eg har booka kulturhuset. Eg vil at dei som set pris på det eg kan tilby kjem, aldri skal du koma av plikt eller medynk. Eg er audmjuk og takknemlig, men likevel stolt av tilbakemeldingane eg får etter eg har hatt show eller foredrag. Men aldri tru at eg ikkje jobbar for pengane.

Eg treng at du kjem om du vil , og kanskje du også treng å koma desse tirsdagane. Og du veit jo ikkje kva godt "Tirsdagsgodt" kan gjere med deg før du har prøvd så herved er utfordringen gitt. Eg gledar meg til å sjå deg, å håpar det blir ofte!

HURRA! EG ER KLAR SOM EIT DINOSAUREGG!

 

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar