NÅR FORANDRING IKKJE FRYDER

SPRUDLING PÅGÅR   

Midt i store endringar, eller små endringar me står i kan ein kjenne på nettopp dette. Det er ikkje alltid slik at forandring fryder. Dei fleste gonger kjennes det heilt motsatt. 

Eg reiser litt tilbake i tid til tida eg var heime med mine 3 førstefødte. Ein meget travel periode kor heimen var arena for alt frå heftige slosskampar til togbanar frå terassedør i ståva til kjøkkensbenk (ca 14m ) Ymse og vonde tråkk på desse skarpe, dog fantastiske legoklossane som aldri fulltallige fant vegen tilbake i boksane, er ikkje det eg saknar mest i verda. 

Heimen blei mitt slott og husa også inderlig fredsmekling både rundt, over og under bord. Nokre gonger var det fredsmekling med berre bordet faktisk- då ungane som kriga faktisk hadde stukke av! 

Eg kjende meg for det meste heldig som fekk være heime med trolla desse åra. Men det å være heime for meg gjorde også at endretrangen blei større. Eg skulle endre alt egentlig, alltid skulle eg endre meg sjølv til det betre, eg ville til tider endre ungane mine evnt byte dei inn i nokre veloppdradde, eg meinar eg har hørt at dei er meir veloppdradde jo lengre sør ein kjem på øya vår. 

Eg ville endre på alt egentlig! Huset, skuffer i kjøkken, og ommøblering blei noko eg utførte med livet/ryggen som innsats! Og det folkens, det kjentes heilt vidunderleg. Tenk at med litt(!) innsats så blei ståva mi eller arbeidsplassen/slagmarka om du vil heilt ny. Denne tutta lika ikkje å stå på stedet hvil nemligt. 

Men det var ikkje alle i min familie som stod på stolar og utbasunerte sin begeistring over mammas spillopper. Det kunne faktisk henda at dei ikkje fant stolane eg ville dei skulle stå på eingong.    

Eller at mamman hadde gjemt nokre kablar eller adaptere til radiostyrte bilar eller endå verre... ho hadde til og med kasta dei. 

Til poenget; Forandring fryder- men ikkje alltid, og ikkje for alle. Nokre gonger er likevel forandring nødvendig dersom ein skal kjenne livet godt. Og med forandring følgjer endring. Og dette kjære venner er det eg vil drive litt forskning på, fram mot mitt første møte med deg. 

Kva gjer store eller mindre endringar med oss?
Kan vi gjere noko med endringane?
Kva når endringa ikkje er styrt av deg?
Kva når du er totalt uforberedt?
Kva med framtida?
Kan du ta kontroll i dette når du ikkje er skyld i, eller enda verre, ikkje eingong medviten om endringane? 
Kva om endringa forandrar meg eller andre, eller livet slik eg kjenner det?! 

Januar er her, herlige og nødvendige januar, kor ein får påvist, oppdagar, evnt skjuler BMI og ein tar oppgjer med ting ein har i - og rundt livet.  Den store mnd for endringar, då(!) skal vi endre både oss sjølv og andre i livet vårt, ja, sjølve livet skal endrast! Svære draumar blir til store skuffelsar når februar kjem og du innser at verken du sjølv eller livet ellers lever opp til mål og forventningar om endring. 

Derfor velger eg og fokusére på slutten av januar, når forsidene på ukeblada nesten igjen er fri for slankekurar eller dei paradoksale ekstraheftene med kakeoppskrifter dei alltid festar på slankeblada sine. 

Eg tenker nemligt at eg skal gi meg sjølv ein siste mulighet, ein siste reise i dette med helse, trivsel og sinnero (og trivselsvekt også for den del) . Kva endringar kan eg gjere for at livet mitt skal bli godt nok og kva gjer eg med- og i dei endringane eg ufrivilligt har landa i. 

Eg gledar meg til å reise innover i meg sjølv med hjølp av gode gjester i panelet og eg gledar meg til vi skal le litt saman. Eg gledar meg aller mest dersom du vil komme å bli med meg desse kveldane. Eg lovar både alvor og at du får flira i skjegget/sminkå. 

"Tirsdagsgodt" blir ein happening på kulturhuset på Åkra og det er for damer og menn i alle aldre frå alderen 15 og oppover til 100 år. Kom åleine eller som par, som venninder eller kompisar, dette blir kjekt uansett, og eg håpar og trur du vil kjenne godfølelsen når du går ut i kvelden. 

Sirka siste tirsdagen kvar mnd treffest me i hovedsalen kl 19.30 og er ferdige til 21.30. (Innlagt pause) Dørene er opne til kl 22.00 så det blir tid til drøs om ymse! 

Billettpris er 230 kr og selges via Sprudlekroken. 

Imorgon vil eg skrive kvifor eg vil ha Tirsdagsgodt  som min jobb. Håpar du vil være med meg da også- me snakkast! 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar